Laurdag 28. april starter vi Sulaturen 2012 med ein felles tur til Vardane 776 m.o.h. – frå alle bygder!
Ordførar Geir Ove Vegsund vil lose oss på turen, kl. 11.15 frå Vonløypa ved stadion til Langevåg IL. Vi oppmodar elles folk til å starte frå alle bygder og gå saman til Vardane.
I tida mellom 13.00- 14.30 vil barna som når toppen få hals/buf og det vert trekning av treningsabonnement for dei som noterer seg i turboka (vaksne)for Vardane i dette tidsromet. Musikk på toppen!
Turen er ein del av Suladagane. Sjå elles www.sula.kommune.no for meir program og info.